Nordnorske øykommunar har lengst reiseveg til fødeavdelingane
Written by on 22. november 2022
Statistisk sentralbyrå har berekna køyretid til fødeavdelingar og fødestover frå alle norske kommunar.
Øykommunen Træna i Nordland hamnar øvst på list. Kvinner i denne kommunen har over 420 minutt, altså sju timar, køyretid til næraste fødeavdeling. I tillegg er dei avhengige av ferge.
Deretter følger Røst ytst i Lofoten og etter dette ei rekke småkommunar i Nordland og Finnmark, i tillegg til endå fleire nordnorske øykommunar.
I Lørenskog i Viken fylke har 90 prosent av dei fødande åtte minutt køyretid eller mindre.
Kortast mediantid, altså kortast reisetid for halvparten av kvinnene, finn ein i Volda. Der har halvparten av kvinnene tre minutt køyretid eller mindre.