Frp vil gjenopplive seks riksvegprosjekt

Written by on 22. november 2022

Frp vil ha fortgang i seks vegprosjekt som regjeringa har lagt på is, blant anna i Nordland. Partiet set av 1,75 milliardar kroner til vegsatsing i sitt alternative budsjett.
– Utbygging av nye og betre vegar reddar liv, understrekar samferdselspolitisk talsmann Frank Sve til NTB.
– Det er synd at regjeringa skrotar tog, veg og skredsikring inn mot Bergen, utbetring av tunnelar som blir omtalt som «gruvesjaktene» i Nordland, og heile tre prosjekt på E134 mellom Oslo og Rogaland, seier Sve.
Frp legg fram sitt statsbudsjett torsdag, og her vil dei prioritere seks prosjekt frå Nasjonal transportplan som regjeringa går inn for å utsette i sitt budsjett for 2023.
Blant desse seks prosjekta er tunnelen på strekninga Megården-Mørvikbotn på E6 i Nordland.
Dei fem andre prosjekta er:
Vestland E6: tunnel planlagt på strekninga Hylland-Slæen.
Vestland E16: Vossabana på Arna-Stanghelle.
Vestland E134 på strekninga Røldal-Seljestad.
Viken E134 mellom Saggrenda og Elgjø.
Viken E134: nytt løp i Oslofjordforbindinga


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy