Folk i Nordland best på refleksbruk
Written by on 17. november 2022
Folk i Nordland er best i landet på å bruke refleks.
Det skriv VG, som viser til ei undersøking Ipsos har gjort for forsikringsselskapet Gjensidige.
Vi er for lengst inne i den mørke delen av året, men heile 700.000 nordmenn brukar ikkje refleks.
93 prosent av dei spurde i Nordland svarar at dei brukar refleks, mot 63 prosent i Oslo som kjem dårlegast ut. Ein av fire under 30 år oppgir at dei ikkje brukar refleks, noko som gjer unge til den aldersgruppa som er dårlegast på refleksbruk generelt.
4.200 perosnar er spurt om sine refleksvanar i undersøkinga.
– Særleg yngre går med hovuda i mobilen. Om ein i tillegg er umerksam og bilistar ikkje ser ein, aukar sjansen for ei ulykke.
Det seier kommunikasjonsdirektør for Gjensidige, Bjarne Aani Rysstad.