Uforandra arbeidsløyse i Nordland
Written by on 28. oktober 2022
Det er foreløpig ingen endringar i arbeidsløysa i Nordland.
Det kjem fram av ei pressemelding frå NAV Nordland.
Ved utgangen av oktober er det 1407 heilt ledige arbeidssøkarar i Nordland, som er 5 færre enn førre månad.
Arbeidsløysa har stabilisert seg på 1,2 prosent av arbeidsstyrken og er uforandra sidan juni 2022. I tillegg til dei heilt ledige er det 785 delvis ledige og 338 arbeidssøkarar på tiltak.
Det betyr at det er registrert totalt 2.530 arbeidssøkarar i Nordland, som utgjer 2,1 prosent av arbeidsstyrken.
Det er 1.440 færre arbeidssøkarar samanlikna med i fjor.
– Trass i urolege tider ser vi foreløpig ingen endringar i arbeidsløysa i Nordland, seier direktør Cathrine Stavnes.
Samanlikna med i fjor har det vore nedgang i tal heilt ledige arbeidssøkarar i alle yrkesgrupper.
Nesten ein av tre arbeidssøkarar er under 30 år, og høgst arbeidsløyse er det blant menn i aldersgruppa 20-24 år. Det er kvinner frå 50 år og over som har lågast arbeidsløyse.