Sterke reaksjonar på kutt i pengar til sorgstøtte
Written by on 11. oktober 2022
– Det er småleg at regjeringa i statsbudsjettet kuttar støtta til Landsforeininga uventa barnedød.
Det meiner partileiar i KrF, Olaug Bollestad.
– Denne organisasjonen har vore med på å få folk på beina igjen etter å ha opplevd djup sorg. At vi som samfunn øydelegg for ein organisasjon, det synest eg er småleg av regjeringa. Og det vil få store konsekvensar først og fremst for familiar som mistar ungane sine, seier Bollestad.
Foreininga varslar at dei må kutte ned på sorgstøtte og forsking. Dei siste åra har Landsforeininga uventa barnedød fått eit øyremerka tilskot på 2,3 millionar kroner.
NRK har tidlegare skrive om paret Kathin Hübner og mannen Jim som mista sitt einaste barn i mars 2020. Hübner fekk først beskjed om at ho ikkje hadde store nok traume til å få hjelp. Når foreininga kom på bana fekk ho stor hjelp til å klare å leve med sorga.
Hübner kalla det ein skam at ordninga no blir fjerna.
Regjeringa vil bruke mindre pengar på organisasjonar av denne typen, og vil at alle skal søke frå ein felles pott. Det er kvaliteten på tilbodet som avgjer kor mykje midlar du skal få.
– Alternativet for desse foreldra er kanskje å vere borte frå jobb i ei årrekke eller kanskje resten av livet, og det kostar samfunnet mykje, seier Bollestad.
Ho reagerer også på at dette skjer i året for den frivillige innsatsen.