Rykker ut til brann i einebustad
Written by on 20. oktober 2022
Torsdag morgon melder Lofoten brann og redning om utrykking til brann i ein einebustad i eit bustadfelt i Stamsund.
Brannvesenet skal vere på staden og det er ikkje meldt om at personar er i bustaden.
Vitnar på staden fortel at flammar har stått ut av huset, skriv Lofotposten. Politiet i Nordland varslar at det er mykje røykutvikling på staden.
Til avisa seier politiet at brannvesenet driv med slukking av brannen. Deira vurdering er at dei har kontroll nok til at det ikkje er fare for spreiing.
Dei ber bebuarane i nærleiken av Georg Hansens vei i Stamsund om å halde vindauge lukka. Politiet kan per no ikkje seie noko om årsaka til brannen.