Rapport: Delar av hovudbygget på Jan Mayen kan kollapse

Written by on 11. oktober 2022

Hovedbygget på Jan Mayen sto ferdig i 1960 med en beregnet levetid på 10 år.
– Trass utstrekt arbeid med å utbetre fundamenteringa av bygningsmassen, er det særleg knytt bekymring til ein eventuell kollaps av delar av hovudbygget.
Det skriv Cyberforsvaret i Årsrapport 2021: Samfunnet Jan Mayen.
I rapporten kjem det fram at øya er ramma av jordskjelv på dagleg basis. Desse er normalt av låg styrke, men det er usikkert kor kraftige skjelv bygningsmassen vil tole.
I tillegg er det store roteskadar i berande konstruksjonar av hovudbygget. Det er også roteskadar i storgarasjen, båthusa i Båtvika og Hvalrossbukten.
Sjølv om Cyberforsvaret skal ha gjort kontinuerleg vedlikehald er «ordinært vedlikehald ikkje lenger tilstrekkeleg for å unngå skadar og mogleg tap av bygg» ifølge rapporten.
Cyberforsvaret har lenge forsøkt å etablere nye bygg på Jan Mayen. Det opplyser fungerande sjef CBA, Hans Petter Bjørge, til Forsvarets forum.
Han seier vidare at bygningsmassen er i forsvarleg stand for sitt bruk, med unntak av nokre forhold som var under utbetring og skulle vere ferdig i september.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy