Opptrapping i barnehagestreiken

Written by on 20. oktober 2022

Streiken i dei private barnehagane trappast opp i dag. Nesten 1000 nye tilsette over heile Norge går ut i streik, og meir enn 100 nye private barnehagar blir ramma.
I Nordland er seks barnehagar i Bodø med i streiken frå i dag, men ingen av dei stenger.
– Vi ønsker at det skal ramme arbeidsgivar så hardt som mogleg, seier Line Tollefsen som er nestleiar i fagforbundet i Nordland.
Per no er det ikkje dialog formelt mellom partane.
– Vi håpar at det blir ein kortvarig konflikt og at vi så raskt som mogleg kan kome tilbake til normal drift. Så er det opp til partane å kome i dialog igjen.
Det seier Marius Iversen i Private barnehagers landsforbund (PBL).


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy