Ikkje pengar til The Whale: – Svært skuffa
Written by on 7. oktober 2022
Opplevingsprosjektet The Whale på Andøya ligg ikkje inne i forslaget til statsbudsjett som regjeringa la fram i går.
Andøy-ordførar Knut Andreas Stormo reagerer:
– Eg som ordførar for Senterpartiet er svært skuffa over eige parti i denne saka. Vi har lova ei realisering av eit fantastisk og gryteklart nærings- og kulturprosjekt som skal skape nye arbeidsplassar på Andøya.
Ordføraren har høge forventningar til forhandlarane på Stortinget og om at dette kjem i mål i løpet av forhandlingane.
– Senterpartiet har lova å vere med å finansiere ei oppstartsbevilging slik at vi kan kome i gang. Denne forventar eg at Stortinget no legg inn, seier Stormo.