Ber om kvotejakt på gaupe komande sesong
Written by on 26. oktober 2022
Nordland Bonde- og Småbrukarlag ber i eit brev til Rovviltnemnda om at dei opnar for kvotejakt på gaupe komande sesong.
Årsaka er bekymring over problema med tap av sau og lam til gaupe.
– Vi ser at det enkelte stader er sterkt aukande problem, med store tap av lam i enkeltbesetningar, skriv Nordland Bonde- og Småbrukarlag i brevet og legg til:
– Store tap av beitedyr er eit alvorleg problem og belastninga på brukarar blir heilt ekstrem når tapa i enkeltbesetningar blir så store.
Bonde- og Småbrukarlaglaget viser til at det i august blei gitt skadefellingsløyve på ei gaupe, som ikkje blei tatt ut i løpet av tidsrommet for løyvet. No foreslår dei altså at det blir lagt til eitt dyr, i tillegg til den ordinære kvota.
Tidlegare søkte Steigen kommune om å få skyte ei gaupemor og ungane, etter at opptak viste korleis gaupefamilien fleire netter på rad åt lam som gaupa hadde tatt livet av.
Dei fekk då avslag frå Miljødirektoratet.
– Vi har vege skadeomfang og skadepotensial opp mot omsynet til bestanden i Nordland, som ikkje har nådd bestandsmålet for regionen og er i ei negativ utvikling, sa dei då.
Miljødirektoratet grunngav avslaget også med omsyn knytt til dyrevelferd i situasjonar der ungane fortsatt er avhengige av mora.