Studentflukt frå lærarutdanningar

Written by on 30. september 2022

Studentane skyggar frå mange lærarutdanningar.
74 av 100 studieplassar i Bodø er ikkje fylt.
Det skriv Khrono som har fått tal frå åtte av tolv lærarutdannarar i Norge. Desse viser at det er totalt 696 ledige studieplassar ved lærarutdanningane per i dag.
Totalt var det planlagt 2362 studieplassar for utdanningane til grunnskulelærar, trinn 1-7 og trinn 5-10, samanlagt blant desse åtte institusjonane.
Dei ledige studieplassane utgjer nær tretti prosent av totalen.
– Situasjonen er alvorleg og utfordrar institusjonane både på kor ein tilbyr utdanning, og korleis ein tilbyr utdanning. Det er også alvorleg med tanke på kor berekraftig utdanningane blir når studentkulla blir redusert, både til fagleg og økonomisk kontekst.
Det seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor ved Nord universitet, til Khrono.
Tendensen er ikkje berre eit distriktsfenomen, ifølge Asle Holthe som er dekan ved lærarutdanningane på Høgskulen på Vestlandet.
– Vi merkar nedgangen overalt, seier han.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy