Regjeringa: Innfører grunnrenteskatt
Written by on 28. september 2022
Regjeringa innfører fleire tiltak som følge av dei svært høge straumprisane.
No innfører dei grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft og ein auke i grunnrenteskatten på vasskraft. I tillegg blir det innført ei ekstraordinær avgift på vass- og vindkraft.
Med dette vil regjeringa auke inntektene med om lag 33 milliardar kroner årleg.
– Fellesskapet treng større inntekter i åra framover for at vi saman skal kunne verne om god velferd til alle, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
– Vi foreslår ekstraordinære skattegrep tilpassa dagens situasjon, der høge straumprisar gjer det vanskeleg for mange, men betyr store ekstrainntekter for dei som produserer og sel straum, legg han til.
Ordførarar langs kysten har advart mot å skattelegge oppdrettsbransjen, og fleire unge oppdrettarar slår alarm om skatten i næringa.
Dette er forslaget til regjeringa av det som gjeld grunnrenteskatt på havbruk:
– Effektiv sats på 40 prosent. Det gjeld produksjon av laks, aure og regnbogeaure.
– Eit botnfrådrag på 4000-5000 tonn sikrar at berre dei største aktørane vil betale grunnrenteskatten.
– Tidspunktet for verknad er frå 1. januar 2023. Skatteinntektene er estimert til 3,65-3,8 milliardar kroner årleg.
– Skatteinntektene blir fordelt likt mellom staten og kommunesektoren.
– Forslaget blir sendt på høyring i dag 3. januar 2023.