Fleirtal positive til dusj med skiljevegg

Written by on 16. september 2022

Skulane bør legge til rette for at elevane skal kunne dusje med skiljevegg etter gymtimane.
Det meiner fleirtalet i ei meiningsmåling som InFact har gjort for NRK og andre aviser i Nordland.
NRK har tidlegare fortalt om elevane ved Ørnes ungdomsskule som ikkje dusjar etter gymtimane fordi dei synest det er ubehageleg.
Spørsmålet for meiningsmålinga var: Bør skular aktivt legge til rette for at elevar kan dusje atskild i separate avlukker etter gymtimar?
58,1 prosent svarte ja, mot 26,8 prosent som svarte nei.
To tredjedelar av kvinnene meiner det bør bli lagt til rette for å dusje åtskilt, mens halvparten av mennene som blei spurde meiner det same.
Av politiske parti er det Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne som er mest positive til eit slikt forslag.
Flest stiller seg negative i Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy