Får kritikk etter at sjømann falt over bord
Written by on 29. september 2022
– Reiarlaget har etter ulykka gjennomført fleire tiltak som skal bidra til auka sikkerheit.
Det står skrive i rapporten som Statens havarikommisjon har gitt frå seg etter den svært alvorlege sjøulykka aust for Stigen i Lurøy kommune.
Det var 6. mars 2022 at ein mann som var del av dekkmannskapet falt over bord, før tilkomst ved eit fabrikkanlegg på Halsa i Meløy kommune.
Søket fekk etter ei stund endra status til søk etter antatt omkomen person. Dekkskadetten er ikkje funnen.
Mannen falt over bord då han skulle gå ned frå lukkedekket til hovuddekket. I rapporten kjem det fram at fartøyet ikkje hadde noko form for fysisk sikkerheitsbarriere mot fall over bord frå lukedekk.
Dette utgjorde ein fare for fall over bord.
Undersøkinga viste også at det var ein kjent praksis at mannskapet beytta ein slik «snarveg». Ifølge kommisjonen er det uheldig at designet gjer det mogleg å gå opp og ned på lukene ved å nytte skjenegang og rekkverket.
Vidare meiner kommisjonen at designet med kort avstand frå ytterkanten på lukedekk til rekkverket som låg betrakteleg lågare, var lite hensiktsmessig sett opp mot arbeidet som skulle utførast.
– Det er likevel ikkje eit uvanleg design for denne type bulkskip, står det.
Då hendinga skjedde tok det omtrent 20 minutt før resten av mannskapet oppdaga at dekkskadetten var vekke. Fordi det var usikkerheit rundt kor tidspunktet for når kadetten falt over bort, blei søket i starten sett for langt nord.
Seinare blei det gjort funn av både kjeledress og vernesko, men ingen person.
Besetninga klarte altså ikkje å estimere tidspunkt for hendinga.
Ifølge havarikommisjonen er dette sentralt. Det er fordi at dersom besetninga på eit fartøy er usikre på tidspunktet nokon har falt over bord, så må dette kome tydeleg fram til naud- og redningsetat.