Avkreftar skrantesjuke hos tamrein

Written by on 19. september 2022

Det er ikkje påvist skrantesjuke hos tamreinbukken frå Børgefjell i Nordland.
Veterinærinstituttet varsla Mattilsynet fredag førre veke om at ein tamrein som blei slakta 9. september i Børgefjell hadde testa positivt på den smittsame sjukdomen skrantesjuke.
Mattilsynet understreka då at det var ein mistanke, og no er endelege prøveresultat frå Veterinærinstituttet negative.
Difor er skrantesjuke hos tamreinbukken avkrefta.
– Eg er glad og takknemleg for dette, seier sametingspresident Silje Karine Muotka.
– Det er viktig at det er gode system for dette, og det er viktig å avklare hundre prosent sikkert at det ikkje var CWD likevel.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy