Røykutvikling i bustad i Brønnøy
Written by on 13. august 2022
Naudetatane rykte ut til bustad der det er meldt om røykutvikling i Brønnøysund på Helgeland, i Brønnøy kommune.
Det melder politiet i Nordland på sin Twitterkonto.
Personen som bur i huset skal ha kome seg ut.
I ei oppdatering melder politiet at det skal ha vore brann i nokre puter som blei kasta ut av bebuar. Det er ikkje brann i resten av huset.
Det er mykje røyk i bustaden, som no blir lufta ut. Bebuar er undersøkt av ambulanse og er uskadd.
Politiet har starta etterforsking.