Ein person er skadd i samanheng med avlessing av ein maskin frå tilhengar i Reine i Lofoten.
Vedkomande er sendt til sjukehus.
– Vi har vore på staden og gjort undersøkingar og prata med vitne, seier Tommy Bech, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.
Han kan ikkje uttale seg om skadeomfanget.