Nye krav for å hindre rømming av oppdrettsfisk
Written by on 29. august 2022
Frå 2023 kjem det nye krav til rømmingssikker utforming og drift av oppdrettsanlegg.
Det skriv nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
Ifølge departementet vil reglane gi oppdrettarane større moglegheit til å utvikle og ta i bruk ny og berekraftig teknologi som tar vare på rømmingssikkerheita.
– Vi har no fastsett eit revidert regelverk som aukar sikkerheita mot rømming av fisk på oppdrettsanlegga samtidig som det gir næringa meir fleksibilitet.
Det seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Den nye forskrifta NYTEK-23 trer i kraft 1. januar 2023 og erstattar dermed NYTEK-forskrifta frå 2012.
Reglane skal bidra til å førebygge rømming av oppdrettsfisk gjennom å sikre forsvarleg teknisk standard på anlegga.