Lågare innsig med villaks i Nordland

Written by on 9. juli 2022

Opplysingar om innsig av laks så langt i sesongen tyder ikkje på at det er nødvendig å innføre ekstraordinære regionale begrensingar i fisket i 2022.
Det skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.
– Vi følger tett med på korleis det står til med villaksen. Målet er å sikre nok gytefisk i elvane til hausten. Basert på årets vurdering innfører Miljødirektoratet ingen ekstraordinære regionale begrensingar i laksefisket i sesongen 2022.
Det seier Raoul Bierach, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.
I Nordland og Troms og Finnmark ser innsiget stort sett til å vere lågare enn gjennomsnittet for perioden 2016-2019.
Frå og med Rogaland til og med Trøndelag tyder tala på at innsiget kan bli på nivå med eller noko større enn gjennomsnittet i perioden 2016-2019.
I dag er villaksen på raudliste over trua artar. I Noreg har vi omtrent 25 prosent av alle atlantiske laksebestandar i verda.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy