Færre søkar seg til Nord universitet

Written by on 25. juli 2022

I dag kom tala på kor mange som får studieplass gjennom Samordna opptak i landet. Ved Nord universitet har 4388 fått tilbod om studieplass til hausten.
Det betyr at Nord universitet er tilbake på same nivå som før pandemien.
Til samanlikning var det i toppåret 2021 heile 5460 søkarar som fekk tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak.
Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk peiker på fleire moglege årsaker til at søkartala har gått ned.
Ho trekk fram at pandemien ga unormalt høge søkartal i 2020 og 2021, i tillegg til nedgang i ungdomskulla i Nordland og Trøndelag.
– I tillegg har vi ikkje lyst ut studiar som tradisjonelt har gode søkartal, som paramedisin som hadde heile 7,1 søkarar per studieplass i 2021, seier prorektoren.
Spesielt helsefaglege utdanningar er det stor interesse for. Nord universitet har i overkant av 700 studieplassar innanfor helsefaglege utdanningar, og i snitt er det 2,3 søkarar per studieplass.
Hardare kamp har det blitt om plassane til trafikklærarutdanninga i 2022. Med nesten tre søkarar per studieplass, er det lang venteliste for å kome inn.
– Dette kan ha samanheng med at tilbodet har blitt betre kjent i offentlegheita, og at ein har endra opptakskrava. I tillegg opplever bransjen ein større etterspurnad på denne kompetansen etter pandemien, seier Gårseth-Nesbakk.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy