Junioren tukta verdscuptoppane
Written by on 4. april 2022
Den doble juniorverdsmeisteren Alexander Steen Olsen leier etter første omgang av NM i storslalåm i Narvik. Han er 49 hundredeler framfor Eirik Hystad Solberg, med Oscar Zimmer på tredje, 72 hundredeler bak leiaren.
Dei har slått alle dei store namna frå VM og verdscupen. Henrik Kristoffersen er på femteplass, 88 hundredeler bak, deretter følgjer Atle Lie McGrath og Rasmus Windingstad. Timon Haugan er nummer 10.
Lucas Braathen står over NM.
Veteranen Leif Kristian Nestvold-Haugen var blant dei som ikkje fullførte. Han slo opp ein skade i ryggen og måtte gi seg midtveges.